Sjampobar – fjolleri eller fornuft

Er det å bruke ein sjampobar kunn for dei særs spesielle og alternative, eller er det faktisk intet anna enn rein fornuft å gå over til ein slike ein? Kanskje etter å ha lese dette, så er du eit steg nermare å teste ut kva dette fenomenet dreier seg om.

Eg hadde aldri trudd eg skulle klare meg utan balsam, for før var det ein livsnødvendighet for å få børsten igjennom håret etter vask. No klarer eg meg meir enn fint med det vesle kombinerte sjampo og balsam såpestykket, og det har fått meg til å lure litt på kva ein sjampo eigentleg er? Kva er det i desse velduftande flaskene, som lovar sundt og sterkt hår og med fantastiske virkestoff som trengjer djupt ned i hårrøtene? For orda på ingredienslista kan ein ikkje forstå, og det er heller ikkje så lett å google. Då må ein nok vere kjemikar. La oss samanlikne innhaldet i eit kjent sjampomerke (ingredienslista er henta frå produktheimesida) og innhaldet i ein sjampobar frå Blomsten og Bia

Kommersiell flytande sjampo

Vatn

Sodium Laureth Sulfate – Vaskemiddel og skumgjevar. Er krass, og strippar huda for viktige feittstoff.

Sodium Lauryl Sulfate – same som over

Cocamide MEA – syntetisk skumgjevar og emulgator

Glycol Distearate

Dimethicone – form for silikon brukt for å erstatte naturlege oljar, som blir fjerna frå huda av SLS. Problematisk fordi den hopar seg opp i hår

Syntetiske luktstoff

Cetyl Alcohol

Polyquaternium 6 og 10 – polymer brukt i sjampo, for å få håret til å ligge flatt. Opphopar seg i hår og hud.

Magnesium Sulfate

Sodium Benzoate – syntetisk konserveringsmiddel

Magnesium Carbonate Hydroxide

Ammonium Laureth Sulfate – same som Sodium Laureth Sulfate

Benzyl Alcohol – konserveringsmiddel

Sodium Chloride

Methylchloroisothiazolinone – syntetisk konserveringsmiddel

Methylisothiazolinone – syntetisk konserveringsmiddel

Sodium Xylenesulfonate – syntetisk substans tilsett for å gjere sjampo tjukkare

Tetrasodium EDTA – beskyttar mot nedbryting av duftstoff og harskning av produkt. Bryt ned huda si naturlege og beskyttande barriere, slik at andre stoff i produktet kan trenge djupt inn i huda.

Menthol

Yellow 5

Blomsten og Bia sjampo EineBar

Økologisk kokosolje – er fuktgjevande, har antibakterielle eigenskapar og er sopphemmande. Kokosolje gjer at såpa vaskar reint og gjev den eit rikt skum med store bobler. I hårpleie stimulerer den hovudbotnen, og er sagt å fremme hårvekst.

Økologisk solsikkeolje – har eit høgt innhald av essensielle feittsyrer, og anbefalast til alle hudtypar. Den hjelp huda å halde på fukt, og til å regenerer hudceller. I hårpleie vil solsikkeolje gje fukt og næring for eit mjukt, sunt og sterkt hår.

Økologisk ricinusolje – har ein tjukk konsistens med ei unik feittsyresamansetning som verkar beskyttande og mjukgjerande på huda. I hårpleie vil ricinusolje motverke krusa hår og gje eit silkemjukt og skinande hår

Økologisk olivenolje – er ei velkjent olje i skjønnhetspleie. Den gjev fukt til huda, og gjer huda mjuk. I hårpleie kan olivenolje gje eit mjukt, skinande og sterkt hår, med mindre slitasje og med positiv effekt på tørr hovudbotn.

Økologisk jojobaolje – er god til normal og tørr hud. Den verkar solbeskyttande og talgregulerande.

Økologisk arganolje – verkar cellefornyande og forbetrar huda sin elastisitet. I hårpleie gjev oljen glans til tørt og livlaus hår, og er sagt å kunne temme krusete hår.

Økologisk moringaolje – er blant dei mest ettertrakta oljane innan hudpleie og kosmetikk. Med eit høgt innhald av antioksidantar og ei verdfull feittsyre samansetning treng oljen djupt inn i huda, og gjev næring til sunnare og sterkare hud og hår

Økologisk sheasmør – trengjer djupt inn i huda, og gjer næring til tørr, skada og moden hud. I såpe gjev sheasmør eit silkemjukt og stabilt skum. I tillegg vert ein stor prosentdel ikkje forsåpa av kaustisk soda, og dette gjer at såper som inneheld sheasmør verkar svært fuktgjevande. I hårpleie gjev sheasmør næring til hovudbotnen og tørt livlaust hår, og kan gje balsameffekt.

Ekstrakt av eine, kjerringrokk og nesleEine kan verke mot kviser, feit hud, fett hår, flass, seborre i hovudbotnen, eksem og hudbetennelsar. Nesle er brukt ved urein hud, kløande hudlidingar, utslett, kviser, byllar, sår, forbrenning, insektbit, flass, kløe i hovudbotn og håravfall. Kjerringrokk verkar astringerande, og er eit fint sårhelande middel. Den er god mot irritert hud, sakte groande sår, mjølkeutslett og eksem. I hårpleie gjev den sterkt og glansfullt hår

Eterisk olje av eine, sedertre og bergamott

Panthenol – provitamin B5. For sunt hår og hovudbotn

Rosmarin antioksidant – naturleg antioksidant som motverkar harskning av oljar

Ja, om du forstod særleg mykje av orda på den flytande sjampoflaske, så er du mykje glupare enn meg. Ingredienslista er i allefall lang som eit vondt år. Det ein i hovudsak kan konkludere med, er at SLS og tetrasodium EDTA bryt ned den naturleg feittbarriera i hovudbotnen, og flytande plast stoff (silikon, polymerar) går inn og erstattar dette feittet. Ikkje berre legg desse seg rundt hårstråa og opphopar seg utan på huda, men det trekk inn i hovudbotnen i tillegg. Det er dette, som produsenten skriv på heimesida si, som gjev håret styrke og glans og angiveleg skal gje sundt hår og ein sunn hovudbotn. Ikkje veit eg, men særleg positivt og sundt kan det vel ikkje vere at silikon og plast trekk inn i eit område der den sårbare hjerna vår oppheld seg… Den første ingrediensen som er lista er vatn, og det vil så seie, at du i utgangspunket betalar ganske mykje for ei flaske med mest vatn og får på kjøpet ei smørje med rare kjemikaliar. Innhaldet av vatn vil og medføre eit tilskot av ganske store mengder konserveringsmiddel. Tenk berre på kor lenge ei slik flaske kan stå på eit varmt og fuktig bad utan at innhaldet blir dårleg. Eg har i allefall aldri opplevd at eit slikt produkt har endra lukt eller utsjånad uansett kor mange år det har blitt ståande på badehylla.

Vi er vel på mange måtar oppflaska med ei tiltru til produkt som får lov til å stå i ei butikkhylle. Då reknar ein med det er det ei god og godkjent vare. Og fokuset i media og samfunn ligg ikkje så mykje på innhald i skjønnhetsprodukt, som når ein samanliknar med t.d innhaldet i fødevarer. Etter mi meining, så er dette litt av ei skandale. Vi startar for det meste som ganske små å bli smurt inn i desse produkta, og det fortsett for dei aller fleste gjennom eit heilt og langt liv. I tillegg fer desse stoffa ut i sluket og opphopar seg i fødevarekjeda vår, så det endar i den siste ende med å bli eit fødevareproblem likevel, om ein ser stort på det…

Det er dog greit å bite seg i merke, at sjampobarar og kan innehalde problematiske ingrediensar. Mi sjampo interesse starta då eg testa sjampobar for første gang av eit velkjent merke. Eg simpelthen elska ideen og konseptet, men enda med å få store problem med hovudbotnen. Det viste seg då, at sjampoen ikkje var basert på såpe (altså forsåpa oljar), men på SLS i tillegg til at den var sterkt parfymert. I og med at sjampobarar ikkje inneheld vatn så blir dei superkonsentrerte og det kan kanskje forklare kvifor eg reagerte så hurtig og voldsomt på den. Der og då beslutta eg meg for at dette måtte kunne gjerast meir naturleg og skånsomt, og markerte startskotet på uendelege forsøk og prøving og feiling før eg landa på oppskriftene til dei 4 sjampobarane som er i sortementet til Blomsten og Bia i dag. Alle sjampoane er basert på reine, milde økologiske ingrediensar av fødevarekvalitet.

I og med håret og hovudbotn kan innehalde mykje restkjemikaliar frå kommersielle hårprodukt, som t.d silikon, så kan det ta nokre veker før du føler sjampobaren startar å vaske skikkeleg reint. Å nytte 2-4 spiseskeier med eplesidereddik utblanda i nokre dl med vatn som du heller i håret etter sjampoen er skylt ut kan gjere overgangen lettare.

Eg håpar, uanset kva du vel å vaske deg med, at du beheld din kritiske sans og ikkje tek alt for god vare, bokstaveleg talt.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

Lag nettstedet ditt med WordPress.com
Sett i gang
%d bloggere like this: