5 grunnar til å velje faste såper

Faste såper er ekkelt tenkjer du kanskje… Njaaa, eg vil nok meine det motsette, om akkurat det emnet. Og kanskje eg klarer å endre di meining og, etter du har lest 5 vasstette og enkle fakta om faste såper. Eller i det minste plante eit lite frø, så neste gang du snublar over ein liten såpeprodusent (ein seriøs og godkjent produsent sjølvsagt!), så tek du sjansen og kjøper eit såpestykke. Om du då skulle angre på impulskjøpet, så kan du evt. gje det i julegåve til ein god nabo. Der er faktisk fleire enn du trur, som etter kvart har kasta seg på den nye (gamle) trenden. Det er heilt sant 😊

Grunn nummer 1 er, at du ganske enkelt slår eit slag for miljøet! Dette kunne også vere grunn nummer 2,3,4 og 5, då det ikkje finst eit betre argument for å gjere ei endring, enn at det er bra for miljøet. Eg er ganske interessert i miljøet… Eg er full av feil og manglar, og tek flust av dårlege og ofte lite gjennomtenkte val, men når det kjem til enkle endringar, som kan gjere ein stor skilnad og som i tillegg er mykje betre, ja då er eg ikkje vanskeleg å be. Eg lagar mine såper på økologiske oljar, som alle har fødevare kvalitet. Dei fleste, som lagar denne typen kaldrørte såper nyttar seg av topp kvalitet råvarer. Dette er ikkje kunn snikreklame for mitt firma, men for alle små såpe og kosmetikk produsentar med ein sterk miljøprofil. Det vil så seie, at det du sender ned i sluket, når du vaskar deg, ikkje vil resultere i hormonforstyrra, tvekjønna fisk eller føre til opphoping av mikroplast i havet (mange flytande såper inneheld flytande plast, visste du det? Om du no tenkjer, at HÆ (!) det er jo skikkeleg ekkelt, og kan det verkeleg stemme då, så kjem ein eigen blogg post omkring dette emnet ved eit seinare høve, så fortvil ikkje). Tillegg bonus er som oftast ingen, eller minimalt med emballasje. Det må ein jo berre elske!

Vår tids gysare: Den uhandterlege og ikkje nedbrytbare plastikkflaska, som hopar seg opp både i heimen og naturen.

Grunn nummer 2 handlar og om miljø, og faktisk om blomsten og bia. Det er ein grunn for det merkelege firmanamnet, om du hadde stussa på det. Det er vel ingenting, som har vore meir i fokus dei seinare åra, enn pollinerande insekt og nedgangen i desse. Insekta våre er ikkje fan av sprøytemiddel. Sorry mac, men om nokon prøvar å argumentere imot dette, så er det toget reist frå stasjonen for mange år sidan. Insekt dør av sprøytemiddel på lik linje med gras, meitemark og elles alt levande i og på jorda. Så vel du produkt, som er produsert av økologiske råvarer, og så skånsamt som mogleg, så har du allereie gjort ein heiderleg innsats for planeten.

Grunn nummer 3 er dei fabelaktige urtene og eteriske oljane. No har det seg jo slik, at urter faktisk fungerer. Det har dei gjort sidan tidenes morgon, vi har berre gløymt det, fordi vi ikkje får det på resept. Urter, nokre av dei ofte berre omtalt under fellesbetegnelsen «ugras», er rett og slett designa til å hjelpe oss. Vi veks tross alt på den same jorda. Dei kan vere hud legande, betennelse hemmande, virke imot lus og utøy, kan avhjelpe flass, psoriasis, kløe, akne osv. osv. Mine såper inneheld uttrekk av urter, som er tilsett for at såpa ikkje berre skal vaske deg rein, men og gjere produktet meir optimalt for huda di. Eteriske oljar har, i motsetning til duftoljar, både hudlegande eigenskapar og har effekt reint psykologisk. Dei kan til dømes virke roande, stimulerande, avkjølande, oppkvikkande, varmande osv., sjølv i små konsentrasjonar.

Grunn nummer 4 er litt meir omkring hud. Dei aller fleste, som prøver ei fast såpe laga på gode råvarer, blir overraska over kor mjuk huda blir og at ein ikkje treng lotion etterpå. Det er både fordi slike såper vaskar mildt, dei er gjerne overfetta, så dei ikkje berre vaskar vekk men og gjev noko tilbake og dei inneheld mykje glyserin. Glyserin dannast i såpa gjennom forsåpningsprosessen, og er med på å gje huda fukt. Denne typen faste såper er, i motsetnad til mange flytande, ikkje vaskemiddel designa for å ganske aggressivt fjerne feitt. Huda vår har ei vernande feittbarriere, som vi på ingen tenkeleg måte bør vere interesserte i å fjerne. Diverre er dette den harde sanninga for mange kommersielle produkt. Det slike såper ofte inneheld, for å erstatte fjerning av feittbarrieren, er silikon (plast). Dette både trengjer inn i, og legg seg utanpå huda di.. Nesten, som ein ikkje trur det kan vere sant…

Grunn nummer 5 er bakteriar. Eller kanskje vi skal seie mangelen på bakteriar. Gjennom ein lang tørkeprosess fordampar vatnet ut av såpa, og fører til at ingen bakteriar kan leve på overflata eller i produktet. Ved riktig bruk, der ein let såpa tørke mellom kvar gang ein nyttar den, så er bakteriell vekst ikkje eit problem. Det som derimot kan vere eit problem, om eg no skal tenke høgt og stikk imot alt som er blitt hevda dei seinare åra, er flytande såper med eit høgt innhald av vatn (bakteriar elska vatn). Gjerne i ein pumpedispenser, som blir trykka på ein del hundrede gangar av ymse hender og etter ymse aktivitetar, og som blir ståande på eit varmt og fuktig bad over lenger tid… Det er eit faktum, at flytande såper nødvendigvis må innehalde ganske høge mengder av konserveringsmiddel, nettopp på grunn av innhaldet av vatn. Korleis desse konserveringsmidla påverkar den naturlege bakteriefloraen på huda vår, det tør eg neste ikkje ein gang tenke på. Men dette er ein heilt annan diskusjon, som vi får ta igjen😊. Når det er sagt, så er der sjølvsagt gode flytande såper å få kjøpt, laga på skikkelege råvarer. Dei kostar gjerne litt meir, og du finn dei nok diverre ikkje på hyllene i ditt lokale supermarked. Kanskje dette og bør bli ein framtidig blogg post?? Time will show..

Er du fortsatt ikkje overbevist?? Det er heilt greitt. Men kanskje ein vakker dag, når du kjenner deg litt i det eksperimentelle og miljøbevisste hjørnet, så kast deg ut i det og kjøp eit handlaga såpestykke. Eg lovar deg du ikkje kjem til å angre!

Lag nettstedet ditt med WordPress.com
Sett i gang
%d bloggere like this: